Bibliotekbasen ute av drift

Onsdag 12. mai kl. 19 og utover kvelden/natta blir det service på tenermaskina vår. Då vil det ikkje vere mogleg å søkje i databasen vår, bestille bøker, fornye m.m. All kommunikasjon mot biblioteksystemet vil feile. Alt skal vere i orden seinast om  morgonen 13. mai.

Joie de vivre!

Joie de vivre! er namnet på  fotoutstillinga Trine Helgå stiller ut i fotogalleriet til biblioteket i mai.  Livsgleda er sjølve inspirasjonskjelda til utstillinga, og består av ei rekke portrettbilete. Om bakgrunnen for utstillinga fortel fotografen:  «Eg trur på glede som ein helsefremmande faktor i livet. Eit smil frå ein framand, ein klem frå ein du er glad i, å ha det morosamt med vener, og omtanke frå menneske rundt deg. Så enkelt og nokon gonger så vanskeleg. Glede avlar glede slik som smerte avlar smerte. Eg trur at glede bygger tryggleik, og tryggleik gir rausheit og rausheit gir glede – ein god sirkel. Eg ynskjer å auke positiviteten i livet til dei eg møter. Ikkje med store fakter og mykje styr, men heller gjennom små gestar og interesse for dei eg møter. Når eg tek bilete av nokon er det lett å vise interesse for denne personen. Eg elskar klassiske portrett av menneske i svart/kvitt. Tett på, gjerne med blikkontakt  og ulike uttrykk. Eg blir trekt mot slike portrett, og har stor glede av å jobbe med det. I denne utstillinga vil eg vise litt av det eg har gjort så langt. Framover så er målet mitt å fotografere mange nye folk -  til glede for den som blir fotografert, familiane deira og for meg.»

Utstillinga er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid i heile mai.

Velkomen!

Vi har starta frøbibliotek!

Ålesund frøbibliotek er ei base med frø som du kan plukke med deg heim, så dei og forsøke hauste dei når sesongen er over. Vi har ei rekke ulike sortar - mest grønsaker og urter - og samlinga vår oppdaterast fortløpande. Målet vårt er at frøbiblioteket skal vere berekraftig og gå rundt av seg sjølv, slik at nokon andre kan låne frøa du har hausta neste sesong.Tilbodet er sjølvsagt gratis, og du finn frøbibliotek på biblioteket i sentrum og på Harøy.

Vi gir ei påminning når perioden for innhausting startar, med tips om korleis du skal gå fram. Vi ønsker også å lage aktivitetar og kurs rundt frøbiblioteket, slik at vi saman kan lære meir om å så og sanke frø, berekraft, og kanskje også å gro grøne fingre.

Har du frø å donere til oss?
Då blir vi veldig glade! Frøa kan du gjerne legge i "skuffa med det rare i" i frøbiblioteket, hugs å inkludere namn på planta og kva tid dei er pakka. Takk!

Ålesund frøbibliotek er drive av Ålesundsbiblioteka, i samarbeid med Ålesund framtidslab og Ålesund og omegn hagelag.

Hjartleg velkommen til frøbiblioteket!

Frøbibliotek, Berekraft

Ålesundsbiblioteka sitt eige nyheitsbrev

Meld deg på Ålesundsbiblioteka sitt månadlege nyheitsbrev! Dette kan du abonnere på og få rett i mailinnboksa di. Nyheitsbrevet inneheld nyttig informasjon om tenester og tilbod, komande arrangement og ikkje minst litteraturtips. Meld deg på nyheitsbrevet ved å trykke HER.

Nyheitsbrevet er sjølvsagt gratis å abonnere på, og du kan når som helst melde deg av om du ikkje lenger vil motta det.

Nyheitsbrev

Ålesundsbiblioteka får 200 000 kr.

 

Nasjonalbiblioteket støttar Ålesundsbiblioteka med kr 200 000 til eit prosjekt som handlar om samarbeid. Målet er sjølvsagt betre bibliotektilbod.
Midlane går til å utvikle eit tettare samarbeid med skulane og skulebiblioteka i kommunen. I tillegg søker vi auka samarbeid med frivillige og vil forsøke ei ordning som vi kallar bibliotekvenn i meiropne bibliotek. Prosjektet vil også vurdere samlokalisering av innbyggartorg og bibliotek på nokre stader i kommunen.
Tildelinga til Ålesund er ein del av ein pott på 15 millionar kroner frå Nasjonalbiblioteket til i alt 45 utviklingsprosjekt i folkebibliotek, fag- og fylkesbibliotek over heile landet. Satsingsområda har vore samarbeid, berekraft og open forsking. Vi er svært glade for å bli satsa på!

Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no