Framside

Fotokunst frå naturens eige kunstverk

I november stiller Ingeborg E.G Sæter ut bilde på fotogalleriet til Ålesund bibliotek. Utstillinga kallar ho for «Fotokunst frå naturens eige kunstverk».
Heilt ifrå 70-tallet har ho likt å fotografere, men det var først når ho kjøpte sitt første spegelreflekskamera i 2009 at det verkeleg tok av. Det har blitt nokre utstillingar også, både individuelle og kollektivutstillingar. Som medlem i eit par fotoklubbar får ho inspirasjon og fagleg påfyll. Etterkvart har ho funne fram til sin eigen sjanger, som er i stadig utvikling.
Det er ute i naturen ho trivst best med kameraet, og då endar det ofte med abstrakte kunstfoto, sjølv om det også blir reine naturfoto. Ingeborg fortel om seg sjølv: «Når eg er ute og fotograferer brukar eg å seie at eg har to blikk, eit naturalistisk og eit abstrakt. Så sant eg ikkje er ute etter eit bestemt tema, er det sjeldan eg på førehand har bestemt kva som skal fotograferast. Difor er det alltid spennande å kome heim frå fototuren, framkalle bilda, og så sjå kva for auge som har vore mest i bruk, det naturalistiske eller det abstrakte».
Ingeborg E.G Sæter sin fotokunst kan sjåast i biblioteket si opningstid i heile november. Besøk også gjerne nettsida hennar Ingisfoto.com, eller Instagram- og Facebook-kontoane hennar for å sjå fleire bilde.

Velkomen!

  • Treff: 97
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no