Framside

«Et hav av farger»

Else Kirsten Ulla

Fotogalleriet til Ålesund bibliotek startar det nye året med fotoutstilling av medlemmar frå Aalesund Foto & Mediaklubb (Aafmk).
Aafmk vart starta av initiativtakar Danny Tabbara for snart to år sidan, og kan i dag telje 15 medlemmar. Målsettinga for klubben er å vere eit lavterskeltilbod for alle medieinteresserte. Sjølv om klubben er ung, har klubben samla sett god kompetanse innan foto. Om bakgrunnen for utstillinga fortel fotografane: « Vi er så heldige å ha eit hav av mogelegheiter i nærområdet, men også nasjonalt. Vi har derfor valt å kalle utstillinga for «Et hav av farger». Vi er veldig stolte over å vise fram verden gjennom våre auge, og å få dele vår fotointeresse med alle som er interesserte».

Fotoutstillinga er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid i heile januar. Fotografiet over er tatt av Else Kirsten Ulla.

Velkomen!