Forside

Verdensbiblioteket

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og e-lydbøker på fleire språk, som er tilgjengelige for fri og grenselaus strømming gjennom tenesta.
Verdensbiblioteket.no er opent for alle i Norge. Du må besøke sida frå ei norsk IP-adresse, og må opprette ein brukar og logge inn for å få tilgang til innhaldet.

Å opprette ein brukar er gratis, og krev berre at du har ei gyldig e-postadresse.
Det finst e-bøker og e-lydbøker på arabisk, tigrinja, persisk, somali og bosnisk/kroatisk/serbisk i Verdensbiblioteket. Desse språka er valt fordi det er vanskeleg for folkebiblioteka å kjøpe inn e-bøker på desse språka.

Verdensbiblioteket er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonalbiblioteka i Norge, Sverige og Danmark, støtta av Nordisk Ministerråd. Verdensbiblioteket vert drive i fellesskap av dei skandinaviske nasjonalbiblioteka.

  • Treff: 362
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Besøk: Keiser Wilhelms gt. 15
Lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60

 

Moa bibliotek
Besøk: Amfi Moa Syd, 
Langelandsvegen 35
Tlf: 70 16 45 30