Framside

Meiropne bibliotek

Ålesundsbiblioteka tilbyr meirope bibliotek på Moa, Brattvåg, Sjøholt og Skodje i løpet av oktober. Moa bibliotek er først ute, med meirope frå og med laurdag 9. oktober.

Meirope bibliotek eller sjølvbetjent bibliotek er ei teneste som gir brukarane utvida tilgang til biblioteket og mediesamlinga, før og etter vanleg bemanna opningstid. Tilgang til lokala får ein ved å vende seg biblioteket, skrive kontrakt om bruken og oppgradere lånekortet til adgangskort. Då kan ein sjølv låse seg inn og levere eller låne bøker og anna ved hjelp av ein utlånsautomat.


Moa bibliotek innførte meiropen løysing i november 2019, og tilbodet vart godt motteke. Då Noreg så stengde ned i mars 2020 vart også den meiropne løysinga stengt. Mange brukarar har etterspurt tilbodet og vi er no klare for å ta dette tilbodet tilbake.


Biblioteka i Brattvåg, Sjøholt og Skodje har også jobba for å kunne tilby meirope bibliotek. Både i Brattvåg og på Sjøholt er biblioteka samlokalisert med innbyggartorg. Det ligg såleis godt tilrettes for å tilby eit godt bibliotektilbod i form av meirope i tillegg til vanleg, bemanna opningstid. Også på Skodje bibliotek med lokale i Gomerhuset vil meiropen løysing bety eit styrka tilbod. Vi kjem tilbake med tidspunkt for meirope ved desse biblioteka. I første omgang er det altså Moa som kan tilby meirope bibliotek.

 



  • Treff: 138
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no