Framside

«Fleirspråklegheit er gull – kva språk kan du?»

21. februar er den internasjonale morsmålsdagen som kan knytast til FNs berekraftsmål 4: å gi alle god utdanning.

Respekt og opplæring i morsmålet til eleven er viktig for å fremme språkleg mangfald, forståing og toleranse. I kommunen vår markerer vi med ei heil morsmålsveke. Alle arrangement er gratis!

DETTE SKJER PÅ ÅLESUNDSBIBLIOTEKA
«Fleirspråklegheit er gull – kva språk kan du?»
Frå 15. til 20. februar kan du stikke innom biblioteka våre i kommunen og få informasjon om språkopplæring og tospråklege lærarar. Send ei hyggeleg helsing til morsmålsdagen «Fleirspråklegheit er gull – kva språk kan du?».

«Tvil og eksil»
Frå 16. til 20. februar har Moa og Ålesund bibliotek ei utstilling «TVIL OG EKSIL», laga av Aldona Ulstein, tospråkleg lærar i polsk/tysk.