Framside

«Gatefoto»

 

 I februar er det elevar frå Ålesund vgs som har bilete i fotogalleriet til Ålesund bibliotek. Dette er elevar frå 2. og 3. året som har eit valfritt programfag "bilde". Her jobbar vi mykje med alle typar bilete, både stillbilete og levande bilete. I denne utstillinga har elevane vandra gatelangs i Ålesund på leit etter motiv, både kjende og mindre kjende. Nokon har hatt fokus på arkitektur, andre på menneske. Vi har kalla utstillinga «Gatefoto».

Håper du finn noko å feste auga dine på i bileta våre.