Framside

Lever innan fristen

Ålesundsbiblioteka får no felles rutinar for purring og erstatning av bøker. Biblioteket sender ut to varsel, på e-post eller SMS. Dersom bøkene då ikkje vert returnerte, må dei erstattast etter faste satsar. Du vil få ein faktura frå oss. Gjer slik:
-    Har du bøkene? Lever tilbake alt du har lånt og betal administrasjonsgebyret på kr. 100. Bruk fakturaen du fekk tilsendt, men juster beløpet til kr. 100. Bruk same KID-nummer.
-    Finn du berre nokre av bøkene? Lever dei tilbake, juster beløpet på fakturaen og betal.
-    Finn du ikkje noko av det du har lånt, må du betale heile beløpet på fakturaen.

Kvifor må eg betale eit fast gebyr i tillegg?
- Gebyret dekker kostnader ved å sende faktura, i tillegg til ekstraarbeidet biblioteket har med å skaffe materiale tilbake og klargjere for utlån.
Eg fann boka etter at faktura er betalt. Kan eg få igjen pengane?
- Nei, men vi kan vurdere om vi vil kjøpe boka tilbake. Det kan vere aktuelt om vi kan dekke eit hol i samlinga eller serien ved å kjøpe tilbake materialet.

Her er meir om erstatningar.

Spørsmål eller klagar som gjeld erstatningar:
Ta kontakt enten personleg i biblioteket, eller ta kontakt på e-post eller telefon:
, tlf. 70162260.

  • Treff: 107
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51