Framside

Bestill og hent

 

Ålesundsbiblioteket vil tilby våre lånarar å bestille, låne og levere bøker.

Bestill bøker på e-post:

Ålesund bibliotek:
Moa bibliotek: (Moa tilbyr og bestilling på telefon 70164530 kl. 10-15).
Brattvåg bibliotek:
Skodje bibliotek:
Sjøholt bibliotek:
Harøy bibliotek:

Søk i basen vår for å sjå om bøkene du vil låne, er inne på hentebiblioteket. Bøker som ikkje finst der, kan du ikkje låne. Vi fraktar ikkje bøker mellom avdelingane.

Oppgi:

Lånarnummer:
Namn:
Kva du ønskjer å låne:
Henteavdeling:

Du vil få svar på bestillings-e-posten når bøkene er klare for henting. Maks ein pose bøker per lånar. Viss du har materiale som står på hentehylla som du har fått melding om, kan du inkludere dette i mailen.

OBS! Berre dei som tek kontakt på førehand, får hente bøker.

Du kan og levere inn bøker som er lånt.

Bøkene blir gjort klar til deg og lagt i posar. Dei kan hentast i desse tidsromma utanfor biblioteket eller i inngangspartiet til biblioteket:
Ålesund bibliotek og Moa bibliotek: kvar måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 12-15, torsdag kl. 15-18.
Harøy bibliotek: kvar tysdag kl. 12-16 og torsdag kl. 15-18.
Brattvåg bibliotek: kvar tysdag kl. 12-16 og torsdag kl. 15-18.
Longva bibliotek: kvar torsdag kl. 18-20.
Haramsøy bibliotek: kvar tysdag kl. 18-20.
Skodje bibliotek: kvar tysdag kl. 12-15 og torsdag kl. 15-18.
Sjøholt bibliotek: kvar måndag kl. 12-15 og onsdag kl. 12-15.

Hugs å halde trygg avstand og ta hensyn til smittefaren. Har du luftveissymptom eller sit i karantene, kan du ikkje hente bøker, men kan sende ain annan for å hente for deg.

  • Treff: 1961
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51