Framside

Lær å lage podkast

 

I ei annleis tid vil nokon ha behov for å prate om det som skjer. Andre har behov for å prate om heilt andre ting. Ålesundsbiblioteka ønsker i denne tida å tilby ulik digital formidling. Eit av tiltaka er enkel innføring i lydinnspeling, slik at du kan sitte heime og lage podcast heilt sjølv.

Torsdag 26. mars kl. 11.00 vert det direktesending om korleis ein kan lage podcast.
Stad: Skodje bibliotek si Facebookside.
Mågruppe: Frå 8 år.

Podcast er ein av aktivitetane barn og unge utforskar i prosjektet Skaporama. I denne direktesendinga vil barn og unge kunne lære seg å bruke lydinnspelingsprogrammet Audacity. Deretter er det berre å slå seg laus heime. Send oss gjerne lydfila om de ønsker at vi publiserer ho på SoundCloud: .
Skaporama er eit prosjekt i Ålesundsbiblioteka. Støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og sponsa av: Sparebanken Møre, Haram frivilligsentral, I.P Huse AS, Nogva Motorfabrikk AS, Samfjordkvartalet AS, Haram Næring og Innovasjonsforum, OptimarStette AS og A-team Bil AS.

  • Treff: 265
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51