Aktuelt

Fotokunst frå naturens eige kunstverk

I november stiller Ingeborg E.G Sæter ut bilde på fotogalleriet til Ålesund bibliotek. Utstillinga kallar ho for «Fotokunst frå naturens eige kunstverk».
Heilt ifrå 70-tallet har ho likt å fotografere, men det var først når ho kjøpte sitt første spegelreflekskamera i 2009 at det verkeleg tok av. Det har blitt nokre utstillingar også, både individuelle og kollektivutstillingar. Som medlem i eit par fotoklubbar får ho inspirasjon og fagleg påfyll. Etterkvart har ho funne fram til sin eigen sjanger, som er i stadig utvikling.
Det er ute i naturen ho trivst best med kameraet, og då endar det ofte med abstrakte kunstfoto, sjølv om det også blir reine naturfoto. Ingeborg fortel om seg sjølv: «Når eg er ute og fotograferer brukar eg å seie at eg har to blikk, eit naturalistisk og eit abstrakt. Så sant eg ikkje er ute etter eit bestemt tema, er det sjeldan eg på førehand har bestemt kva som skal fotograferast. Difor er det alltid spennande å kome heim frå fototuren, framkalle bilda, og så sjå kva for auge som har vore mest i bruk, det naturalistiske eller det abstrakte».
Ingeborg E.G Sæter sin fotokunst kan sjåast i biblioteket si opningstid i heile november. Besøk også gjerne nettsida hennar Ingisfoto.com, eller Instagram- og Facebook-kontoane hennar for å sjå fleire bilde.

Velkomen!

  • Treff: 95

Bibliotekbasen periodevis utilgjengeleg

Frå kl. 19.00 og utover kvelden onsdag 20. oktober vil katalogpostane i biblioteket sin base bli konvertert til eit nytt bibliografisk format. Lånarar kan derfor oppleve at søking i basen er utilgjengeleg i periodar denne kvelden. Basen skal vere tilgjengeleg som normalt frå morgonen torsdag 21. oktober. 

  • Treff: 181

"Fra fjell til kyst"

I oktober stiller Leonard Løvoll ut bilete i fotogalleriet til Ålesund bibliotek. Han har vore medlem av Ålesund kameraklubb sidan 2006, med tillitsverv både i klubben og nasjonalt. Han fotograferer mest landskap, og er spesielt glad i lyset som vi har her på kysten, særleg i vinterhalvåret. Han har også fotografert ein del «streetfoto», og er interessert både i portrett- og arkitekturfoto. Nokre gonger tek han på seg bryllypsfotografering, samt fotografering av konsertar på førespurnad.

Det er Løvoll sine vakre naturbilete vi skal få sjå på fotoveggen i oktober, og han kallar utstillinga for «Fra fjell til kyst».
Kom og sjå bileta i biblioteket si opningstid i oktober!

  • Treff: 225

Meiropne bibliotek

Moa bibliotek kan igjen tilby meirope bibliotek frå og med laurdag 9. oktober.

Meirope bibliotek, eller sjølvbetjent bibliotek, er ei teneste som gir brukarane utvida tilgang til biblioteket og mediesamlinga, før og etter vanleg bemanna opningstid. Tilgang til lokala får ein ved å vende seg biblioteket, skrive kontrakt om bruken og oppgradere lånekortet til adgangskort. Då kan ein sjølv låse seg inn og levere eller låne bøker og anna ved hjelp av ein utlånsautomat.


Moa bibliotek innførte meiropen løysing i november 2019, og tilbodet vart godt motteke. Då Noreg så stengde ned i mars 2020 vart også den meiropne løysinga stengt. Mange brukarar har etterspurt tilbodet og vi er no klare for å ta dette tilbodet tilbake.


Biblioteka i Brattvåg, Sjøholt og Skodje har også jobba for å kunne tilby meirope bibliotek. Både i Brattvåg og på Sjøholt er biblioteka samlokalisert med innbyggartorg. Det ligg såleis godt tilrettes for å tilby eit godt bibliotektilbod i form av meirope i tillegg til vanleg, bemanna opningstid. Også på Skodje bibliotek med lokale i Gomerhuset vil meiropen løysing bety eit styrka tilbod. Vi kjem tilbake med tidspunkt for meirope ved desse biblioteka. I første omgang er det altså Moa som kan tilby meirope bibliotek.

 



  • Treff: 323

Digihjelpa er tilbake!


Har du noko du skulle ha gjort på data eller mobil, men veit ikkje heilt korleis du skal få det til? Då kan du oppsøkje Digihjelpa på biblioteket frå fredag 10. september.
Digihjelpa er eit samarbeid mellom Ålesundsbiblioteka og Fagerlia-Ålesund vidaregåande skule. Elevar frå Vg2 Informasjonsteknologi og medieproduksjon vil vere tilgjengelege ved Moa bibliotek og Ålesund bibliotek fredagar kl. 10-15, og kan hjelpe deg med det du lurer på. Her er noko av det du kan få hjelp med: Smarttelefon og nettbrett, internett og Wi-Fi, sosiale medium, utskrift, epost, nedlasting av spill og appar, fotoredigering og ei rekkje andre ting. Ta med deg PC-en, nettbrettet eller mobiltelefonen og kom innom!

Tid og stad: Moa bibliotek og Ålesund bibliotek fredagar kl. 10-15. Digihjelpa følgjer skuleruta, og er såleis stengt i skuleferiane.

  • Treff: 376
Ålesund kommune

Ålesund bibliotek
Hovudbiblioteket: Keiser Wilhelms gt. 15, lavblokka på rådhuset, 2. etg.
Tlf: 70 16 22 60 / 70 16 22 51
alesund.bibliotek@alesund.kommune.no